Helleland gard

Heldre sider og saft

Helleland gard ligg knappe 2 km nord for Lofthus sentrum langs Hellelandsvegen, like ved Lofthus Camping.

Garden har vore i familien si eiga sidan 1684, og vert i dag driven av Olav H. Helleland. Her har det vore allsidig landbruksdrift. Dei siste 50 åra er det tradisjonell fruktproduksjon som har vore hovudproduksjonen. I dag dyrkar me eple, pærer og plommer.

Sidan 2017 har me produsert eplesider og eplesaft for sal. Dette kan du kjøpa i gardsutsalet vårt, saman med andre varer produsert i nærmiljøet.

Foto: Hedvig Idås

GARDSUTSAL

I gardsutsalet kan du kjøpa Heldre sider og eplemost. I tillegg har me eit utval av andre varer produsert i lokalområdet, som syltetøy, hermetisert frukt og honning.

Opningstider 2024:
03. mai - 22. juni: fredag og laurdag kl 16-18.
24. juni - 10. august: måndag - laurdag kl 16-18.
16. august -31. august: fredag og laurdag kl 16-18.
Søndagar og heilagdagar: stengt.

Du må gjerne ta kontakt på telefon +47 906 11 905 eller +47 909 98 957 for å avtala besøk utanom desse tidene! Er me heima møter me i butikken på 5 minutt.

SIDERSMAKING

I opningstida til utsalet er det høve til drop-in smaking. Me tilbyr enkeltglas eller siderplanke.


I tillegg kan me tilby sidersmaking med fingermat i mosstova vår fra 1600-talet. Dette må bestillast minst tre dagar i forvegen. Minstepris kr 5500 for inntil 10 personar. For grupper over 10 personar, kr 550/person. Ta kontakt på e-post hellelandgard@gmail.com eller via kontaktskjema under.

Olav og Helga Helleland. Foto: Øystein Haara

FØRESPURNADER / CONTACT US

 
foto: Hedvig Idås

Summary in English

Helleland gard & Heldre sider is located in Lofthus, a majestic and remote place situated in  Hardangerfjorden. We are situated approx 2 km north of Lofthus, and are next door neighbor with Lofthus camping.

The estate has been in the family for generations, and we have mainly been producing and selling fruits since the 1970’s.

In 2017 we started up an apple cider and juice distillery.  Heldre sider has since been known to produce quality cider. 

In our farm shop, we sell Heldre sider, juice and several other local products like honey, jam and chutney from other farms in Hardanger.

In opening hours, we offer drop-in cidertasting in the barn.

We also offer a cidertour with a simple meal of cheese inside  «Mosstova», our traditional house from the 15th century. Minimumprice is NOK 4900. Reservations must be made three days earlier. Please, contact us on: hellelandgard@gmail.com


 Følg oss på facebook og instagram!

Adressa: Hellelandsvegen 145, 5781 Lofthus

E-post: hellelandgard@gmail.com

telefon: 90611905/90998957